Skannet eigne pengesetlar

Ein mann i 50-åra er i Sunnmøre tingrett dømt til fengsel på vilkår for å ha laga sine eigne pengesetlar.

Publisert

Med skannar og skrivar laga mannen eigne 200- og 500-lappar, skriv NRK.

Ifølgje dommen frå tingretten har mannen ved fleire høve bytt ut setlane til faren med falske setlar, men retten meiner det ikkje er haldepunkt for at faren bevisst medverka til bruk av falske pengesetlar eller at han var klar over at desse var produsert av sonen.

I retten kom det fram at det er funne makulerte falske setlar heime hos mannen, og at han to gonger tidlegare er blitt filma på eit kjøpesenter i byen i samband med funn av falske pengesetlar.

Sjølv seier mannen, som ikkje erkjende straffskuld, at setlane skulle brukast som bordkort til hans eigen 50-årsdag.

"Ut frå bevisføringa dreier den falske seddelproduksjonen seg om eit mindre samla beløp, under 3.000 kroner. Produksjonen var mildt sagt amatørmessig. Så langt retten kjenner det vart setlane aldri godtatt som betalingsmiddel noko stad. Det kjem derfor formildande inn at pengefalsken ikkje bar preg av profesjonalitet", står det i dommen frå tingretten.

Mannen er no dømt til fengsel i 60 dagar. 30 dagar er gjort på vilkår. Mannen må også betale 4.000 kroner i sakskostnadar, og tole inndraging av både skannar, printar og ei makuleringsmaskin.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS