Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).

Dagligvaretilsynet styrkes

Regjeringa trappar opp arbeidet med å betre forholda i daglegvaremarknaden. Derfor gjerast det i statsbudsjettet 2023 framlegg om å styrke Daglegvaretilsynet med tre millionar kroner.

– Eg har sidan eg tiltredde understreka at situasjonen i daglegvarebransjen er uhaldbar, og vi ser at det framleis er ein del uheldig forretningskultur i bransjen. Det går utover prisar og utval til forbrukarane. Derfor er det viktig at Daglegvaretilsynet får fleire ressursar, slik at dei kan trappe opp arbeidet sitt med å rydde opp og at handhevinga av lov om god handelsskikk blir så effektiv som mogleg, seiar næringsminister Jan Christian Vestre.

I Hurdalsplattforma står det at regjeringa ønsker å sikre ein betre maktbalanse i verdikjeda for mat gjennom betre tilsyn, større openheit, og meir rettferdig fordeling av verdiane i kjeda.

For å sikre ein effektiv handheving av lov om god handelsskikk, og sørge for tilstrekkeleg tilsyn og openheit som sikrar forbrukaranes interesser, gjer regjeringa framlegg om å auke løyva med nærare 50 prosent i 2023, frå 6,7 millionar kroner til 9,7 millionar kroner. Styrkinga inneberer at tilsynet kan auke den faglege bemanninga.

– Denne styrkinga gjer det enklare for Daglegvaretilsynet å drive med målretta rettleiing- og informasjonsarbeid overfor aktørane i bransjen, seier Vestre.

Regjeringa prioriterer arbeidet med å styrke konkurransen i daglegvaremarknaden høgt, og har allereie varsla ein rekke andre tiltak knytt til blant anna forskjellar i innkjøpsprisar, tiltak for å lette tilgangen til attraktive butikklokale og ein utgreiing av kjedenes eigne merkevarer (EMV).

Regjeringa sine grep for å betre konkurransen i daglegvarebransjen

Regjeringa er i gang med å utarbeide utkast til forskrift om regulering av forskjellar i innkjøpsprisar, som etter planen skal på høyring hausten 2022.

Regjeringa jobbar med tiltak for å lette tilgangen til attraktive butikklokale i daglegvaremarknaden. Som ein oppfølging av dette ble det sendt eit utkast til forskrift om forbod mot negative servituttar og eksklusive leigekontraktar i daglegvaremarknaden på høyring 5. juli 2022, med høyringsfrist 5. oktober 2022

Regjeringa skal utgreie bruken av kjedenes eigne merkevarer (EMV) i daglegvaremarknaden, og oppdraget skal etter planen bli lyst ut hausten 2022.

Konkurransetilsynet har foreslått eit nytt og meir fleksibelt marknadsetterforskingsverktøy for å kunne komme med bransjespesifikke konkurransefremjande tiltak. Regjeringa vil utgreie behovet for eit slikt verktøy.

Daglegvaretilsynet og lov om god handelsskikk

Daglegvaretilsynet vart oppretta 1. januar 2021 og skal handheve lov om god handelskikk.

Lov om god handelsskikk skal legge til rette for meir effektive forhandlingar og kontraktar mellom daglegvarekjeder og leverandørar.

Formålet med loven er å redusere konfliktnivået i daglegvarebransjen, gjennom å sikre ryddigare forhandlingar og meir føreseielege avtaler mellom aktørane.

Daglegvaretilsynet skal bidra til effektiv bruk av samfunnets ressursar og ivaretaking av forbrukaranes interesser ved å fremme ærlegdom, føreseielegheit og lojalitet i kontraktsforhold mellom næringsdrivande i daglegvarebransjen. (Pressemelding)

Powered by Labrador CMS